About this role
Fjord1 har no ei ledig engasjement som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Måløy-Oldeide, p.t. MF Hornelen Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Engasjementet går frå desember til april, med moglegheit til forlenging ved behov. Turnus: døgnskift med langhelg.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Søkjar må bu lokalt. Arbeidsoppgåver Leiar for dekksavdeling Avløysar for skipsførar Ettersyn på navigasjonsutstyr Oppgåver iht alarminstruks Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk Opplæring, utvikling og trening av personell At mannskapet har riktig verneutstyr At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte At kommunikasjonsutstyr er i orden At billettering og kontroll vert utført At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat ROC/GMDSS - sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi ser etter ein dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståing for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og handlekraft, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriv deg, tek vi med glede imot din søknad.
Vi tilbyr Konkurransedyktig lønn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
KontaktinformasjonSiv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +4795700962, [email protected] Arbeidsstad 6700 Måløy Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5204970539 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 01.04.2027 Søknadsfrist: 18.11.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette.
Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa.
No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.