About this role
Personlig assistent 100% vikariat - Halsnøy Vi søker etter ein medarbeidar til ein spennande og variert jobb. Stillinga er Personlig assistent under Heimetenesta på Halsnøy. Stillinga er vikariat i 100% og inneber tett samarbeid med brukar som har behov for praktisk og personleg assistanse i kvardagen. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera å assistera ved personleg stell og hygiene, samt praktisk bistand i heimen.
Støtte til transport og sosiale aktivitetar, samt støtte og hjelp etter brukars behov. Stillinga har arbeid i turnus med langvakter, kvardag og kvar 3. helg.
35,5 t/v og lønna som fagarbeidar.
Kvalifikasjonar: Evne til å jobba sjølvstendig, men samtidig vera ein god samarbeidspartner God munnleg og skriftleg norsk framstilling Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: Fleksibel og taklar arbeidsdagar med endring Ansvarsbevisst og lojal Er trygg i pleiesituasjonar og evnar til sjølvstendig arbeid Tolmodig, fleksibel og empatisk Erfaring fra arbeid med mennesker Personlege egenskapar vert sterkt vektlagt.
Vi tilbyr: Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø Dekking av flytteutgifter etter nærmare reglar Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet . Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 og helse og omsorgstenesta §5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)