Now hiring

Fagarbeidar - Nordbygda skule og SFO @ NORDBYGDA SKULE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Frå november 2026 søker Nordbygda skule og SFO etter fagarbeidar i 100% vikariat. Vikariatet varar fram til og med 31.07.2027.

Masfjorden kommune har 3 skular: Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule. Skulane er 1-10 skular.

  • Arbeidsoppgåver Praktisk og pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper Vise omsorg for kvart enkelt barn Ta initiativ til og delta aktivt i barnas aktivitetar og leik Bidra til eit godt samarbeid med kollegaar og føresette Me søker Me søker personar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar.
  • Søkarar utan godkjent utdanning vil også kunne bli vurderte Ha interesse for barn og barns utvikling Tydeleg og vaksen som tar initiativ til å byggje gode relasjonar Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med barn både inne og ute Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team Gode norskkunnskapar både skriftlege og munnlege Personlege eigenskaper vil bli vektlagt Anna Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing i skule og SFO vert det stilt krav om politiattest Løn etter tariff Slik søkjer du: Du søkjer elektronisk via "send søknad" på denne sida.

Om arbeidsgiveren: Nordbygda skule er ein fulldelt 1-10 skule med i overkant av 100 elevar. Skulen sitt motto er «Kunnskap og Vennskap». Skulen er Unesco-skule og er akkreditert Erasmus+ skule i perioden 2023 - 2028. Satsingsområda for skulen er lesing, internasjonalisering og bruk av nærmiljøet i undervisninga. Skulen er praksisskule for lærarstudentar. Masfjorden kommune ligg i hjartet av Nordhordland Biosfæreområde og er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Lokalmiljøet rundt Nordbygda skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores