About this role
Er du interessert i grensesnittet mellom politikk og administrasjon? Politisk sekretariat speler ei sentral rolle i å leggja til rette for politiske prosessar og avgjerder, og koordinerer samarbeidet mellom administrasjonen og dei folkevalde. Me søkjer no ein dyktig og engasjert fagansvarleg som kan videreutvikla dette arbeidet.Me treng deg som er utviklingsorientert og kan sjå på fagfeltet med nytt blikk. Som fagansvarleg i politisk sekretariat vil du jobba tett med både kommunedirektør, kommunalsjefar, ordførar og politikarar. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar kvalitetsutvikling, saksbehandling, administrering av politiske møte, ansvar for digitale løysingar og valgjennomføring . Du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å styrkja lokaldemokratiet i kommunen.Me søkjer deg som er samfunnsengasjert, som kan handtera eit breitt fagfelt, og som trivst i ein hektisk arbeidskvardag.
Politisk sekretariat har to tilsette, og stillinga ligg i avdeling for kommunikasjon, politikk og næring. Kommunikasjonssjef er næraste leiar.
- Arbeidsoppgåver Bidra til at politisk sekretariat er eit bindeledd mellom administrasjon og politikk, og sørge for gode arbeidsprosessar for dei folkevalde.
- Utvikle fagområdet.
- Valansvarleg.
- For- og etterarbeid i tilknyting til politiske møte, og gjennomføring av disse.
- Systemansvar og vidareutvikling av system og rutinar.
- Andre arbeidsoppgåver etter avtale med leiar.
- Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på mastergradnivå.
- Gode IT-ferdigheiter og interesse for digitale løysingar.
- Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- God forståing for politiske prosessar og samfunnsspørsmål.
- Relevant erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt.
- Kjennskap til Public 360 er ein fordel.
- Ønskeleg med kjennskap til relevant lovverk.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Attestar og vitnemål Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din.
- Utanlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utanlandske attestar omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk.
- Me gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke òg kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
- Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: Er interessert i lokaldemokrati, spesielt grensesnittet mellom administrasjon og politikk.
- Ønsker å utvikle fagområdet og ser etter nye løysingar.Er ansvarsbevist, nøyaktig, effektiv, og har ein strukturert arbeidsform.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet.
- Ønsker å yte god service.
- Vi tilbyrMe kan tilby ein arbeidsplass med gode kollegaer, i Plogen kulturhus og rådhus Kleppe sentrum.
- Du vil få ansvar, kunna arbeida sjølvstendig og få stor fagleg utvikling og spanande utfordringar.
- Du får fleksitid og lønn etter gjeldande tariff og lokal lønnspolitikk.
- Som kommunalt tilsett får du gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Den politiske møteverksemda skjer hovudsakleg på ettermiddag- og kveldstid, så kveldsarbeid må påreknast.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar. KontaktinformasjonRagnhild Nordahl Næss, Leiar kommunikasjon, næring og politikk, +47 91710238, [email protected] ArbeidsstadSolavegen 1 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5204768692 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.