Now hiring

Hagahaugen rehabilitering søkjer sjukepleiar @ HAGAHAUGEN DAGAVDELING

Voss, NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team. På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.

Stillinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga og er to-delt då me har nattevaktsordning. Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine. Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.

Vikaratet er ledig frå 04.01.27 til 30.11.27 med mogleg forelnging. Me tilbyr rekrutteringstillegg på kr 30.000 for sjukepleiar i turnus god forsikrings- og pensjonsavtale lønn og arbeidsvilkår etter tariff og lokal lønnspolitikk gode faglige utviklingsmogelegheiter Kvalifikasjoner norsk autorisasjon som sjukepleiar. meistra skriftleg og munnleg norsk gjerne med vidareutdanninga innan rehabilitering, omsorgsteknologi, forskingsbasert kunnskap, eller anna relevant vidareutdanning Personlege eigenskapar gode samarbeidsevne, samtidig evne til å arbeide sjølvstendig du er påliteleg, engasjert og ønsker å bidra til gode opplevingar for våre brukarar du er ansvarsbevisst du er punktleg løysingsorientert og evner å tenkje framtidsrettet omkring tjenesten du er positiv og kan takle høgt arbeidspress over tid. du må vera strukturert og kunna handtera og ha oversikt over ulike oppgåver samstundes Arbeidsoppgåver legemiddelhåndtering dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem sakshandsaming i tråd med gjeldende regelverk erfaring med å sjå nytte av arbeidet i tverrfagleg team god dialog med dei andre institusjonane i heradet utføra teneste etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regleverk arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen arbeid med velferdsteknologi medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, samt arbeids- og opphaldstillatelse. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores