About this role
Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ein sengepost, Kvinnepost Tertnes og eit poliklinisk/ambulant team. Ved seksjonen jobbar psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen, som er tilgjengeleg for drøfting i ugreiingssaker, og som utfører nevropsykologiske testar etter avtale med psykolog og pasient. Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.
- Vi har no ledig eit vikariat i 100% stilling som psykolog frå januar til 31. juli på Kvinneposten Tertnes.
- Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
- Ein vil jobbe med kartlegging, utgreiing og behandling av rus- og psykiske lidingar i samarbeid med andre behandlarar og miljøpersonale.
- Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet.
- Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit obligatorisk behandlingsprogram, blant anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, treningsterapi og miljøterapi.
- Vi søker psykolog som trivst med teamarbeid, verdset tverrfagleg tenking, har gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Det er ein fordel å ha erfaring med pasientgruppa.
- Psykologen vil inngå i psykologfagleg team i seksjonen.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Arbeidsoppgåver Kartlegging, utgreiing og behandlig av rusavhengige Samhandling med samarbeidspartar internt og eksternt Delta i det tverrfaglege arbeidet ved posten Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykolog Erfaring med arbeid innan rusbehandling/psykisk helsevern og utgreiing/kartlegging Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
- Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå.
- Dokumentasjon må leggast ved søknad Personlege eigenskapar Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø hvor samhandling er en nøkkelfaktor Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du arbeidar målretta og toler å stå i krevande situasjonar Du er fleksibel og toler at arbeidskvardagen i døgnrammer fort kan endre seg Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Godt arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonTrude Larsen, Leiar, 98800425 ArbeidsstadTertnesveien 35 5113 Tertnes Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5198926565 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 18.01.2027 Sluttdato: 30.07.2027 Søknadsfrist: 15.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.
Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.