About this role
Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode 01.01.-31.07.2027. Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.
Helsestasjon/skulehelseteneste: Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU) og har ansvar for legedelen av førsteklassekonsultasjonane. Legen samarbeidar både med helsesjukepleiarane som har helsestasjon 0-5 år og dei som har skulehelseteneste. Legen kan også ha enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om.
Helsestasjonen har om lag 11 årsverk fordelt på 15 tilsette: avdelingsleiar, jordmor, kommunepsykolog, merkantil ressurs og helsesjukepleiarar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen for barn 0-5 år i 20 % stilling. Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar. Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).
Sjukeheim: Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen. Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal. Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.
Arbeidsoppgåver Helsestasjon : legeoppgåver ved helsestasjon og HFU du kan inngå i fleire team på hesestasjonen (skuleteam, helsestasjonsteam) enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar Sjukeheim : tilsynslegeoppgåver ved Vartdal helsetun og Hjørundfjorheimen på Sæbø Kvalifikasjonar du oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg det er krav om godkjend politiattest du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste Personlege eigenskapar Vi søker etter ein lege som likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre skaper gode relasjonar til born, eldre, føresette og pårørande er opptatt av fagutvikling har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre er fleksibel snarleg tilsetting vil verte prioritert Vi tilbyr godt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning Gode pensjons - og forsikringsordning ar for tilsette i KLP Løn etter avtale KontaktinformasjonCamilla Nupen, avdelingsleiar, 90075316, [email protected] Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, [email protected] ArbeidsstadHåkonsgata 78 6150 Ørsta Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5204411880 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 20.11.2026 Om arbeidsgiveren: Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal.
Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar: Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap Heiltidskultur og inkludering Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege.
Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.