Now hiring

Fagarbeider/assistent @ KLEPPE FRILUFTSBARNEHAGE

Kleppe, NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kunne du tenkje deg å bidra til at barna i Kleppe friluftsbarnehage får ein inkluderande, lærande og kjekk kvardag? Er du positiv og løysingsorientert, og trivst med at ingen arbeidsdagar er like? Synest du det er spennande og kjekt å jobbe i barnehage, eller har du lyst til å lære meir om korleis det er å arbeide i barnehage? Då kan dette vere jobben for deg!

Kleppe friluftsbarnehage treng ein vikar i 100 % stilling fram til og med 13.08.2027. Oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale.

ArbeidsoppgåverSom vikar i Kleppe friluftsbarnehage er du ein del av barnehagen sitt team, og du vil arbeide tett saman med andre kollegaer med lang erfaring. Du skal bidra til at barna får ein trygg og lærerik kvardag i barnehagen vår, og at kvardagen deira er i tråd med barnehagelova og Rammeplanen. Dette vil du få høve til å lære meir om ved tilsetjing. Kvalifikasjonar Har du fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, er det ein fordel, men ikkje ei føresetnad. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere språkkompetanse på nivå B1 eller tilsvarande. Dette gjeld ikkje søkjarar som har eit skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehagelova § 18 a). Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Personlege eigenskapar Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv Du har fokus på nærvær Vi tilbyr Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.

Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk KontaktinformasjonCathrine Salte, Styrar, +47 93055166 ArbeidsstadFredheimsvegen 18 4350 Kleppe Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5205948135 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 13.08.2027 Søknadsfrist: 18.11.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores