Now hiring

Tannhelsesekretærstillingar ved Ålesund kompetanseklinikk @ TANNHELSETENESTA I ÅLESUND

Ålesund, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein del av tannhelseteamaet vårt på Ålesund kompetanseklinikk? Ønskjer du spennande utfordringar på ein av landets største offentlege tannklinikkar? Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?

Vi har 2 ledige, faste 100 % stillingar som tannhelsesekretær ved Ålesund kompetanseklinikk. Ålesund kompetanseklinikk er ein av dei største offentlege tannklinikkane i landet, med moderne og godt utstyrte behandlingslokale sentralt i Ålesund. Klinikken tilbyr kompetansebasert behandling til prioriterte pasientgrupper, med høg vekt på kvalitet, fagleg utvikling og pasienttryggleik. Med om lag 13 000 pasientar og 40 tilsette fungerer klinikken òg som henvisningspraksis for dei offentlege tannklinikkane i Ålesundsregionen.

  • Arbeidsoppgåver Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.
  • Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientar i alle aldersgrupper.
  • Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.
  • Administrative oppgåver knytte til timebestillingar, journalsystem og pasientkontakt.
  • Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • Søkarar utan autorisasjon kan bli vurdert for tilsetting i stilling som assistent (st.kode 6572) dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
  • Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: kjenner stoltheit for tannhelsefaget. trivst med å jobbe med og for mennesker. jobbar effektivt og sjølvstendig. har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert. ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.

Vi tilbyr Ein god jobb der du kan utvikle deg Lønn etter tariffavtale Stor og moderne tannklinikk Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse Trivelege medarbeidarar og godt miljø Introduksjonsprogram Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.

Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonKaroline Stølen, 45003 Klinikkleder, 99748938 Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001 ArbeidsstadNotenesgata 6 6002 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5204967986 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket.

Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske? Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper? Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit? Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores