Now hiring

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

Bergen, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar. Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved: Kirurgisk klinikk, Avdeling for Gastrokirurgi Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Arbeidsoppgåver Vil du vere ein viktig del av pasientforløpet ved Avdeling for Gastrokirurgi Vi søker nå ein engasjert og løysingsorientert helsesekretær som vil bidra til trygg, effektiv og profesjonell pasientbehandling. Avdeling for Gastrokirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk og har tre sengepostar, med 60 senger. Vi behandlar om lag 4500 inneliggande pasientar, har 1200 dagbehandlingar og rundt 20 000 polikliniske konsultasjonar. Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, med rotasjon mellom poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Du får grundig opplæring innnfor dei områda du skal jobbe med.

I dag har avdelinga av 10 dyktige sekretærar fordelt på poliklinikk, sengepost og inntakskontor. No ønsker vi å styrke teamet med ein medarbeidar som: er motivert for å yte god service i møte med pasientar og pårørande er opptatt av god pasientlogistikk og kvalitet i pasientforløpet trivst i ein kvardag med samarbeid, ansvar og høg aktivitet Hos oss får du ein arbeidsplass med stor fagleg breidde, gode kollegaer og moglegheit til å bidra i ei avdeling i utvikling.Vi håper du har lyst å bli ein del av vårt team!

Kontakt: Anita Anfindsen, tlf. 90697382. Arbeidsoppgåver Pasientadministrative oppgåver Telefon/resepsjonsteneste Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir Økonomisk oppgjer Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr Kvalifikasjonar Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær Helsesekretær må ha norsk autorisasjon Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav Du må ha gode IKT-kunnskapar Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner Nøyaktigheit Serviceinnstilling Fleksibel og evne til å ta utfordringar Kunne arbeide sjølvstendig og i team Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonSjå kontaktperson, for den oppgitte avdelinga ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5206170381 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.

Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores