About this role
Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % fast stilling som bioingeniør/avdelingsingeniør på Molekylærbiologisk eining. Oppstart i stilinga er snarast eller etter avtale. Mikrobiologisk avdeling har hovudansvar for infeksjondiagnostikk for Helse Førde. Avdelinga består av tre analyseeiningar: Bakteriologi, Serologi og Molekylærbiologi. I tillegg har vi substratlaboratoriet som produserer dyrkingsmedie, prøvemottak som registrerer prøver og legegruppe som validerer prøvesvar.
I vårt team har vi 26 medarbeidarar, herunder overlegar, bioingeniørar, avdelingsingeniørar og sekretærar. Vi er eit akkreditert laboratorie etter ISO 15189-standarden, og kvalitetskoordinator bidreg til at vi etterlever krava i standarden. Molekylærbiologisk eining utfører molekylærbiologiske analyser som ledd i diagnostikk av infeksjonssjukdomar. Tilbodet vårt inkluderer ulike PCR analysar. Vi søkjer ein fagleg engasjert og dyktig medarbeidar som kan bidra til å utføre og kvalitetssikre mikrobiologiske analysar ved eininga.
Hos oss vil det vere varierte arbeidsoppgåver, og du får moglegheit til å jobbe ved fleire einingar saman med ulike yrkesgrupper. Vi legg vekt på godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Vi er opptekne av trivsel - både på jobb og i fritid. Fleire av medarbeidarane våre er aktive innan ulike aktiviteter slik som klatring/buldring, strikking, løping, kor og andre sosiale aktivitetar - Bli Med Oss!
- Arbeidsoppgåver Delta i dagleg drift og vedlikehald Bidra med opplæring og rettleiing av nye tilsette og studentar Bidra i arbeid med register og kvalitetssikring Rullerande arbeidsoppgåver Inngår i vaktturnus med laurdagsvakter Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør eller bachelor/master i molekylærbiologi Erfaring frå klinisk medisinsk laboratorium er ein fordel Praktisk erfaring frå molekylærbiologiske PCR-baserte metodar er ein fordel (Realtime PCR) God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og trivast i team Initiativrik og fagleg engasjert Påliteleg, sjølvstendig og strukturert Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Ein spennande og variert arbeidskvardag Kompetente kollegaer i tverrfagleg miljø Løn etter gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Hjelp til å skaffe bustad Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarianne Schiefloe Myklebust, Konst. avdelingssjef, (+47) 986 64 325 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5205388178 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane.
Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.