Now hiring

Aasentunet søkjer formidlar i vikariat! @ AASENTUNET

Ørsta, NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du idérik med sans for både formidling, pedagogikk og struktur? Vil du skape gode og artige opplevingar med nynorsk historie, språk og litteratur for barn og ungdom? Aasentunet søkjer vikar i 50% stilling som formidlar frå 1. januar 2027 til 30. juni 2027.

  • Hva vi ser etter Vi ønskjer oss ein kreativ og sjølvstendig formidlar, og gjerne nokon med relevant utdanning og pedagogisk erfaring.
  • Røynsle frå museum eller andre formidlingsinstitusjonar kjem godt med.
  • Du bør trivast med å jobbe i høgt tempo, like å snakke framfor større grupper, ha sans for orden og system, vere stø i nynorsk og ha god kjennskap til engelsk.
  • Arbeidsoppgaver Hovudoppgåvene som formidlar i Aasentunet vil vere planlegging, organisering og gjennomføring av dei faste tilboda for barn og ungdom: Les for livet, Snakk om språk og Bli kjend med Ivar Aasen.
  • Formidlaren har også ansvar for omvisingar ved barnehage-, skule- og gruppebesøk.
  • Det kan bli aktuelt med andre oppgåver og arrangement utover dette.
  • Du må rekne med noko helge- og kveldsarbeid i samband med gjennomføring av arrangement og Dei nynorske festspela.
  • Vi tilbyr Museumsleiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø.
  • Vi tilbyr ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ein ryddig organisasjon, ei romsleg fleksitidsordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring.
  • Løn i samsvar med det lokale lønssystemet vårt.

Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Om arbeidsgiveren: Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum. Stiftinga Nynorsk kultursentrum , musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer i form av arrangement og utstillingar i heile landet og på ulike digitale flater, og ved dei tre musea våre: Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje. Vi når om lag 100 kommunar i heile landet med arrangement og utstillingar kvart år.

Skills

Nynorsk

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores