Now hiring

Jurist @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

Haugesund, NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker ein dyktig jurist til å styrke laget vårt i Helse Fonna! Ønsker du å vere med og ivareta den juridiske kompetansen i den største og mest komplekse organisasjonen i regionen? Du vil jobbe tett saman med føretaksjuristen vår og bidra til å sikre at tenestene våre utviklar seg og blir ivaretatt i tråd med lovkrava. Hovudområda innan juridisk rådgjeving vil vere helserett og avtalerett. Undervisning av helsepersonell og andre faggrupper vil også vere ein del av ditt arbeid, samt bistand og rådgjeving i andre juridiske spørsmål.

Kva går jobben ut på?

  • Juridisk rådgjeving med hovudvekt på helserett, avtalerett, helseforsking og GDPR.
  • Sakshandsaming av innsynskrav, klagesaker og vurdering av andre rettslege spørsmål for helseføretaket.
  • Undervisning og rettleiing etter behov.
  • Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar Utvikling og revidering av rutinar for å sikre etterleving av lovkrav.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
  • Interesse for og erfaring med avtalerett.
  • Interesse for og erfaring med arbeid knytt til helsevesenet.
  • Kjennskap til relevant regelverk knytt til arbeidsoppgåvene.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning eller sakshandsaming.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du samarbeider godt med andre arbeider sjølvstendig og engasjert tilpasser deg ulike oppgåver og arbeidsmåtar ser etter løysingar Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr Fagleg og personleg utvikling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stor breidde Regionalt juridisk nettverk Varierte og meiningsfulle oppgåver Medlemskap i offentleg pensjonsordning Løn etter avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAndreas Andreassen, Fagdirektør, +47 46933044, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5201801524 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane.

Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Skills

GDPRBokmålNynorsk

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores