Now hiring

Faste helgestillingar i miljøtenesta @ Employer

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Miljøtenesta i Stad kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved avdelingane Elvebøen og Myroldhaug på Nordfjordeid og Miljøtenesta Ytre. Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging, rettleiing og bistand i kvardagen. Målet vårt er å bidra til tryggleik, meistring, sjølvstende og gode kvardagar for den enkelte.

Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb der du kan utgjere ein forskjell i kvardagen til andre menneske. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med varierte oppgåver, gode kollegaer og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg. Avdeling Elvebøen har ledig: 2 x 20 % stillingar med langvakt kvar 4. helg 1 x 30 % stilling med nattevakter kvar 3. helg Miljøtenesta Ytre har ledig: 3 x 15 % stilling med vakt kvar 3. helg Avdeling Myroldhaug har ledig: 1 x 25 % stilling med langvakter kvar 4. helg 3 x 32 % stilling med nattevakter kvar 3. helg Arbeidsoppgåver Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling Kartlegge og vurdere behov Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer Kvalifikasjonar Vi ser særleg etter deg som: Har helsefagleg utdanning Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Du må vere over 18 år Personlege eigenskapar Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Vi tilbyr Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø Høve til fagleg utvikling Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden.

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonSilje Sneide, Avdelingsleiar Miljøtenesta ytre, 48119558, [email protected] Camilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, [email protected] Ann-Charlotte Jansson, Einingsleiar Miljøtenesta, 97723146, [email protected] ArbeidsstadElvebøen 2A 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5194204335 Stillingsprosent: 32% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke.

Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire.

Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores