About this role
Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv. Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter. Omtale av stillingar Stilingane er knytt eit butilbod som er bygd opp rundt personar med nedsett funksjonsevne.
- Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal.
- Turnusen er basert på altenativ arbeidstidsordning, døgnvakter med arbeid 4. kvar helg (medlevarordning).
- Komprimerte arbeidsstrekk og gode friperiodar.
- Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål.
- Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging, planlegging og iverksetjing av tiltak.
Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse. Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar.
- Søkjarar må ha sertifikat på bil
- Eigenskapar Fleksibel og løysningorientert Gode evner til kommunikasjon Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg Kunna takla utfordrande adferd.
- Vi tilbyr Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Ingen eigendomsskat pr. idag for hus , hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet . Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage. Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre.
Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)