About this role
Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar? Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar. Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund.
Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund. Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Kva går jobben ut på?
- Rådgiving/undervisning/internrevisjon.
- Smittesporing og utbrothandtering.
- Infeksjonsovervaking (innhenting, registrering og analysering av data).
- Oppdatere prosedyrar i infeksjonskontrollprogrammet.
- Forbetringsarbeid og kampanjar . Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må ha: norsk autorisasjon som sjukepleier god digital kompetanse gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ønskeleg at du har: videreutdanning/master innan smittevern eller annan relevant utdanning som f.eks folkehelse.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanning. klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste undervisningserfaring Kva ser vi etter hos deg?
- Hos oss er det viktig at du: har gode evner i kommunikasjon og samarbeid arbeider godt både sjølvstendig og i team har god evne til å motivere andre og knytte kontakter er fleksibel og løysningsorientert viser engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din Personlege eigenskapar blir vektlagd.
- Vi tilbyr Engasjerte kollegaer som samarbeider tett.
- Eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte medarbeidarar.
- Faglege utfordringar.
- Moglegheit for deltaking på kurs innan fagfeltet.
- Dagtid med mogelegheit for fleksitid etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKirsti Hermstad, Funksjonsleiar, +47 97578088 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5201250082 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane.
Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .