About this role
Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell for andre? Då kan du vere den vi ser etter!
Om arbeidsplassen Elvebøen er ei avdeling i Miljøtenesta i Stad kommune, lokalisert på Nordfjordeid. Avdelinga har heildøgnsdrift og yter tenester til personar med ulike behov for oppfølging og bistand, både i bufellesskap og i private bustader. Som vernepleiar ved Elvebøen arbeider du tett på tenestemottakarane gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging. Du vil ha primæransvar for enkelte tenestemottakarar og vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar. Arbeidskvardagen hos oss er variert og byr på både faglege utfordringar og moglegheiter.
Vi ser etter deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, men som også verdset tett samarbeid med kollegaer. Godt samarbeid, fagleg refleksjon og eit inkluderande arbeidsmiljø er viktige faktorar for kvaliteten på tenestene våre. Som vernepleiar vil du i tillegg ha ansvar for helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering, i samarbeid med andre vernepleiarar og sjukepleiarar i avdelinga. Turnus og arbeidstid Avdelinga har årsarbeidsplan, og stillinga inngår per i dag i ei tredelt turnusordning med dag-, kvelds- og nattevakter. Det vil vere moglegheit for langvakter frå og med neste årsarbeidsplan.
Elvebøen har eit godt samarbeid med andre avdelingar i Miljøtenesta og Meistring og psykisk helse. Samarbeidet omfattar mellom anna tryggingstiltak på natt og faste medisinvakter på tvers av avdelingane éin dag i veka. Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen.
Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing Arbeidsoppgåver Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for Kartlegge og vurdere behov Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team Rettleie studentar, lærlingar og andre Følgje opp miljøterapeutiske tiltak Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal Tverrfagleg samarbeid For vernepleiar gjelder også helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering Kvalifikasjonar Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon Andre med treårig sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå kan også søke I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar må ha førarkort Personlege eigenskapar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Bidrar aktiv til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr.
30.000 i tillegg til tariffløn Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillingaStad kommune har 6 månader prøvetid. Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Camilla Andersen på telefon 45877417 eller epost [email protected].
KontaktinformasjonCamilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, [email protected] ArbeidsstadElvebøen 2A 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5169240497 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke.
Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire.
Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no