About this role
Er du god på animasjon og visuell formidling, og trivst med å jobbe tett på heile utviklingsprosessen? Bli med og løft korleis vi lagar digital opplæring til medarbeidarar i spesialisthelsetenesta! I seksjon for Kompetanse og digital læring i Helse Vest IKT har vi ledig eit eittårig vikariat i innhaldsproduksjonsteamet vårt. Vi ser etter ein allsidig animatør / visuell innhaldsutviklar som både meistrar sjølve handverket med å skape animasjon, 3D og levande bilde, og som ønskjer å bidra aktivt inn i smidig prosjektarbeid frå start til slutt.
Hos oss utviklar vi digitale læringsprodukt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesten på Vestlandet. Vi jobbar målretta for å kome bort frå tunge, tekstbaserte kurs, og heller bruke god visuell formidling for å forklare kompliserte ting på ein enkel måte. For å få til dette treng vi deg som kan kombinere visuell produksjon med god prosess- og brukarforståing.