About this role
Nav Sykkylven har ledig fast stilling som veiledar i vårt team Behalde arbeid. Vi søkjer deg som er engasjert og framoverlent, og som er interessert i å jobbe med menneske som treng bistand til arbeidsretta oppfølging. Våre digitale verkty får stadig nye løysingar, og du må vere god på digitale verkty for å kunne jobbe effektivt og målretta med dei brukarane som treng hjelp frå Nav.Som veiledar ved vårt kontor vil du arbeide heilskapleg med arbeidsretta brukaroppfølging og tett opp mot næringslivet, samt ulike kommunale tenester og tenester internt i Nav, helsevesenet, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
Vi jobbar med å følgje opp prioriterte grupper som ungdom, flyktningar og sjukmelde. Kontoret er organisert i 3 team; Ungdomsteam, Skaffe arbeide og Behalde arbeide. Som veiledar ved vårt team Behalde arbeid, vil du ha ansvar for oppfølging av sjukmelde og AAP brukarar med arbeidsgivar, samt sakshandsaming etter lov om sosiale teneste i Nav.Nav Sykkylven-Stranda har 15,5 årsverk. Vi har god variasjon i alder og tilsette fordelt på kommunal og statlege tilsettingar. Vi er lokalisert med aktivitesbasert kontorløysing i sentrum av Sykkylven, og har tilgang til møterom på Stranda. Sykkylven og Stranda kommune ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har tilsaman 12 000 innbyggarar, som vi i Nav yter tenester til. Begge kommunane er industrikommunar der Sykkylven er stor innan møbel og Stranda innan næringsmiddel.