About this role
Ortopdiske leger ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) – har ledig ei fast 100 % stilling og to vikariat i 100 % for Lege i spesialisering ortopedi. Vil du bli ortoped i eit aktivt og framtidsretta kirurgisk fagmiljø? Vi søkjer engasjerte og fagleg motiverte legar i spesialisering (LIS3) til ortopedisk seksjon ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR).Vi tilbyr ei fast 100 % stilling og to 100 % vikariat som Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Hos oss blir du ein del av eit stort og aktivt ortopedisk fagmiljø med høg operativ aktivitet, brei fagleg kompetanse og gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.Vi legg vekt på at LIS-legane våre skal få ei strukturert, variert og operativt orientert spesialistutdanning, med gradvis aukande sjølvstende og tett samarbeid med erfarne ortopediske kirurgar. Tilsetting i fast stilling frå november 2026, eller etter avtale med leiar. Vikariata tilsetting etter avtale med leiar.