About this role
Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling!I seksjon for kreft legar Ålesund har vi frå 01.01.27 ledig 2 faste stillingar for LIS 2/3. Ved intern rokkering kan andre stillingar bli ledige. Hos oss får du ein detaljert plan for dei første vekene dine som nytilsett, etter mal utarbeida av våre dyktige LIS-legar med fadderansvar. Her blir du med andre ord tatt godt og ryddig i mot! Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av; Fylkesdekkande sengepost og stråleterapieining i Ålesund Palliative team, poliklinikkar, Pusterom Ålesund/SNR/Volda Vardesenter i Ålesund med satelittar på dei andre sjukehusaOnkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar.
Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken. Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.