About this role
Dialyse- og nyrepoliklinikken ved SNR er ein tverrgåande seksjon med hovudavdeling ved SNR Hjelset og ein dialysesatellitt ved SNR Kristiansund. Den utlyste stillinga har hovudarbeidsstad ved Hjelset, med tilsetting 1. februar 2027 eller etter avtale. Dialyseeininga på Hjelset er open måndag til laurdag på dagtid, og per i dag også måndag og torsdag kveld. Opningstidene kan bli endra i takt med behov og aktivitet i seksjonen.
Som sjukepleiar ved dialyseeininga er det ein fordel å vere teknisk interessert, samstundes som du ønskjer å arbeide tett på pasientane. Pasientgruppa vår har samansette og komplekse sjukdomsbilete, og det er viktig at du evnar å fange opp viktige detaljar samtidig som du ser pasienten i eit heilheitleg perspektiv.Vi ønskjer medarbeidarar som bidreg med godt humør, engasjement og arbeidsglede overfor både pasientar og kollegaer. Arbeidsmiljøet er oversiktleg og inkluderande, og du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar Ragnhild Vang på telefon 450 38 801.