About this role
Vil du vera med og skapa eit inkluderande fellesskap der barn og unge opplever meistring, trivsel og læring? Klepp PPT søkjer ein engasjert og fagleg sterk pedagogisk-psykologisk rådgivar som ønskjer å gjera ein forskjell for barn og unge i barnehage og skule.Vi er eit kompetent og utviklingsorientert fagmiljø som arbeider tett saman med barnehagar, skular, føresette og andre samarbeidspartnarar. Klepp PPT har eit særleg fokus på førebyggjande arbeid, tidleg innsats og inkluderande praksis.
Vi arbeider både systemretta og individretta for å styrkja laget rundt barnet og bidra til gode oppvekst- og læringsmiljø.PPT held til i gode lokale på Horpestad. Vi har eit fagleg positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av tilsette med spesialiserte utdanningar.
- Vi søker etter ein engasjert, kunnskapsrik og endringskompetent PP- rådgivar til å supplere laget vårt.
- Vi har ledig: 100 % fast stilling som PP-rådgivar frå 01.02.27.
- 60 % vikariat som PP-rådgivar frå 01.12.26 - 30.06.27 med moglegheit for utviding.
- Kontaktinformasjon: Grethe Barane, leiar Klepp PPT, telefon 916 88657