About this role
💜 Vil du bli ein del av vårt gode fagmiljø? Hos oss jobbar det allereie mange dyktige, rause og engasjerte kollegaer, og no ønskjer vi deg med på laget!
Gynekologisk eining består av ein sengepost med fem gynekologiske senger og ein gynekologisk poliklinikk. Som sjukepleiar hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av pasientgrupper og oppgåver. Kvardagen kan til tider vere travel, men du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, fagleg utvikling og omsorg for pasientane står i sentrum. Pasientgruppa vår omfattar kvinner i alle aldrar.
På sengeposten gir vi pre- og postoperativ behandling i samband med gynekologiske operasjonar, pleie og behandling til pasientar med gynekologisk kreft, behandling av alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling – for å nemne noko. På poliklinikken følgjer vi opp gravide gjennom svangerskapet, behandlar kvinner med ulike gynekologiske problemstillingar og utfører mindre gynekologiske inngrep i lokalbedøving. Stillinga inneber hovudsakleg tredelt turnus på sengeposten, med høve til å arbeida dagvakter på poliklinikken.
Gynekologisk eining samarbeider tett med kirurgisk avdeling. Sengeposten er open frå måndag til fredag, og i helgene blir dei gynekologiske pasientane ivaretekne på kirurgisk avdeling. Som sjukepleiar hos oss vil du derfor også få verdifull erfaring frå arbeid på kirurgisk avdeling.✨ Høyrest dette ut som noko for deg?
Då vil vi gjerne høyra frå deg! Oppstart etter avtale.