About this role
Holsen skule og barnehage er ein levande og samlokalisert skule og barnehage i Sunnfjord kommune, vakkert plassert i naturskjønne omgjevnader på vegen mellom Førde og Viksdalen. Eininga har dette skule- og barnehageåret tildelt 12 årsverk, som saman har ansvar for til saman 55 born. Skulen er fådelt, og har inneverande skuleår 36 elevar fordelt på 1. til 7. klasse, medan vi i barnehagen har 19 born dette barnehageåret.
- Vi har no følgjande ledige stillingar: 100 % stilling i vikariat som pedagogisk leiar i barnehagen frå snarleg til 31.07.2027 40 % stilling i vikariat som grunnskulelærar frå snarleg til 31.07.2027 Stilling som pedagogisk leiar Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre?
- Ein av våre pedagogiske leiarar skal ut i permisjon, og vi har ledig 100% mellombels stilling fram til 31.07.2027.
- Vi søkjer ein engasjert og tydeleg pedagogisk leiar til ei mellombels stilling i barnehagen vår.
- Som pedagogisk leiar får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen.
- Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø.
- Søkarar til stillinga som pedagogisk leiar må ha: godkjent utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar dokumentert norskkunnskap i samsvar med barnehagelova § 28 Søkarar til stillinga som pedagogisk leiar bør ha følgjande personlege eigenskapar: Relasjonsorientert og varm: Evne til å sjå kvart enkelt barn, skape tryggleik og gje god omsorg.
- Leiken og engasjert: Aktiv deltaking i barnas leik og kvardag, både ute og inne.
- Gode samarbeidsevner: Open og tydeleg i dialogen med foreldre og kollegaer Robust og fleksibel: Evne til å takle ein travel kvardag med høgt tempo og uføreseielege situasjonar.
- Stilling som grunnskulelærar Vil du skape lærelyst hos borna og gje dei ein trygg og god skulekvardag?
- Ein av våre lærarar skal ut i delvis permisjon, og vi har ledig 40% mellombels stilling fram til 31.07.2027.
- Stillinga kan leggast til to dagar i veka, og kan kombinerast med stilling som tilkallingsvikar, med gode moglegheiter for ytterlegare undervisningstid.
- Som lærar hos oss får du ansvar for å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisninga i tråd med læreplanverket (LK20).
- Du vil fungere som ein tydeleg klasseleiar, byggje sterke relasjonar til kvar enkelt elev og samarbeide tett med kollegaer og føresette for å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Søkarar til stillinga som lærar må ha godkjent lærarutdanning, som oppfyller krav til undervisningskompetanse på barneskulen.
- Søkarar til stillinga som lærar bør ha Fagleg og pedagogisk kompetanse: Tydeleg og trygg klasseleiing som skaper eit godt og inkluderande læringsmiljø.
- Kunnskap om og erfaring med Læreplanverket (LK20).
- Kompetanse innan digital didaktikk og bruk av digitale læringsverktøy.
- Evne til å drive formativ vurdering og tilpasse opplæringa til elevar med ulike føresetnader.
- Personlege eigenskapar: Trygg vaksenperson: Evne til å byggje tillit og gode relasjonar til elevar og føresette.
- Utviklingsorientert: Vilje til å samarbeide i profesjonsfellesskap for å vidareutvikle skulen sin praksis.
- Strukturert og målretta: God planleggingsevne kombinert med fleksibilitet i undervisningssituasjonen.
- Søkarar til begge stillingane må kunne legge fram gyldig politiattest utan merknader før tiltreding.
- Har du spørsmål om stillingane ta kontakt med rektor og styrar Elias Tvedt på e-post [email protected] eller telefon: 928 63 392
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.