Now hiring

Ledig stilling for Kokk ved Gossen barne- og ungdomsskole @ GOSSEN BARNE- OG UNGDOMSSKOLE AVD SKOLE

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Gossen Barne- og ungdomsskole søker kokk i 100 % fast stilling. Har du lyst å arbeide i eit triveleg arbeidsmiljø der du kvar dag vert møtt med mange godesmil frå små og store, så kom og bli vår kokk! Maten som vert servert skal vere i tråd med Helsedirektoratet sine retningsliner for mat og måltid for barn og unge. Maten skal i størst mogleg grad lagast frå grunnen. Elevane skal ha tilbod om næringsrik mat som eit viktig bidrag for å utvikle sunne matvanar og god læring.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide kost og menyplan
  • Innkjøp, varebestilling og varemottak
  • Baking og matlaging
  • IK-mat
  • I samarbeid med tilsette på skolen, arbeide for å redusere matsvinn Vi ønsker deg som; enten er ferdig utdanna med fagbrev som kokk, eller i gang med å avslutte fagbrevet er strukturert og fleksibel har gode evner til kommunikasjon og samarbeid med personalet og samtidig kunne arbeide sjølvstendig tilpasser meny til ulike allergener og religion kan bruke digitale verktøy beherskar nynorsk som målform Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker oss.

Språk Må kunne å kommunisere godt på norsk med barn, kollegaer og andre aktuelle samarbeidsaktørar.

Vi tilbyr Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunale vilkår for tilsetting og løn etter tariff.

Politiattest Det vert stilt krav om politiattest før tiltreding. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling» Søknadsfrist : 16.11.2026 Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Gossen barne- og ungdomsskole er ein 1.-10 skole som ligg på øya Gossen i Aukra kommune.

Skolen har ca 300 elevar og ca 60 tilsette. Skolen vart opna hausten 2013, og vi har flotte rammer for opplæringa både inne og ute. Vi har vore med i fleire utviklingsprosjekt og er no med i Utdanningsdirektoratet si satsing Inkluderande barnhage- og skolemiljø saman med den andre skolen og barnehagane i kommunen.

Skills

Baking

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores