About this role
Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Sunnfjord kommune har ledige stillingar som pedagogar.
Vi søkjer engasjerte og tydelege pedagogar til mellombelse stillingar i barnehagane våre. Som pedagog får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø.
Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar: Bygstad barnehage: 100 % stilling som pedagogisk leiar, vikariat i perioden 01.01.2027 - 15.08.2027 For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 970 53 654, eller på e-post [email protected]
Skei barnehage 100 % stilling som pedagog ,vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027 (20 % som pedagogisk leiar og 80 % som barnehagelærar) For meir opplysningar, ta kontakt med konstituert einingsleiar Anne-Sofie Fonn Nilsen. tlf. 994 85 240, eller på e-post [email protected] Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk.
Barnehagane kan tilby deg: god oppfølging av nytilsette deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon tillegg som pedagogisk leiar kompetansetillegg for relevant vidareutdanning gode pensjons- og forsikringsordningar Kvalifikasjonar: du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn du har gode evner til å leie barn og vaksne du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg Søkar må søkar legge fram gyldig politiattest utan merknad før tilsetting.
Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar! For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside. Du søker elektronisk. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.