About this role
Ledig vikariat stilling som Barne- og ungdomsarbeidar Engelsvoll barnehage er ein 5 – avdelings kommunal barnehage som ligg på Engelsvoll/Klepp stasjon i Klepp kommune. Me er ein Marte Meo sertifisert barnehage som legg stor vekt på det gode møtet mellom borna og omsorgspersonen. Me er opptatt av den gode relasjonen og å skapa eit trygt og godt inkluderande miljø for born, foreldre og ansatte. Barnehagen ligger så tett på Engelsvoll skule at to avdelingar er i kjellaren til skulen. Dette gjer at me har et tett og godt samarbeid med skulen ifht overgang frå barnehage til skule. Barnehage ligg og nær Frøylandsvatnet med tilgang til flotte turområde. Det er og kort veg til togstasjonen på Klepp stasjon.
I Engelsvoll barnehage er det ledig vikariat i 100% stilling som Barne og ungdomsarbeidar, frå 04.01.2027-14.08.2027 , eller etter avtale.