Now hiring

Avdelingsleiar 100% @ Ålesund kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og byggje morgondagens tenester – og leie eit team frå start? Er du ein engasjert og framtidsretta leiar som blir motivert av å byggje team, utvikle fagmiljø og skape tenester med høg kvalitet? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!

Boteneste Nordre har ei stor avdeling på Ørskog som gir tenester til personar med utviklingshemming. Avdelinga har vakse i omfang og skal no delast i to. I samband med dette søkjer vi etter ny avdelingsleiar. Du får ei spennande moglegheit til å vere med heilt frå starten når vi etablerer eit nytt team på Hallvarmarka innan Tvungen Omsorg. Her får du ei sentral rolle i å byggje opp eit nytt fagmiljø, samstundes som du skal vere med på å vidareutvikle eksisterande tenester og team.Vi etablerer eit nytt team med 3:1-bemanning, samstundes som to eksisterande team med 2:1-bemanning skal vidareutviklast.

Turnusen for det nye teamet med 3:1-bemanning vil vere ein kombinasjon av medleverturnus og langvakter. I arbeidet får du eit tett samarbeid med St. Olavs hospital, Fagenheten for tvungen omsorg, som har det faglege ansvaret for 3:1-tiltaket og skal bidra med rettleiing av personalet. Dette gir deg som leiar ei unik moglegheit til å vere med på å utvikle eit sterkt og kompetent fagmiljø rundt ei krevjande og viktig teneste.

Vi ser etter deg som vil vere med frå startenÅlesund kommune arbeider etter rettleiaren «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming» og er i gang med implementering av positiv åtferdsstøtte (PAS). Vi ønskjer ein leiar som ser verdien av persontilpassa tenester, sjølvbestemming, inkludering og høg fagleg kvalitet – og som ønskjer å omsetje desse verdiane til praksis i kvardagen.

Vil du vere med og byggje eit nytt team, utvikle fagmiljøet og setje retning for morgondagens tenester? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Som ein del av rekrutteringsprosessen vil aktuelle kandidatar bli inviterast til å gjennomføre evne- og personlighetstester.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores