About this role
Vil du jobbe som operasjonssjukepleiar i eit sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest?
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) søker operasjonssjukepleiarar. Hos oss får du anledning til å jobbe i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking. Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd og smertebehandling. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet.KSK er delt i sju avdelingar, ei av avdelingane er Operasjonsavdeling (OPA) med 6 seksjonar; Kirurgi, Dagkirurgi; Hovud-hals; Operasjon Glasblokkene, Ortopedi, Thorakskirurgi.Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane: KSK kirurgisk seksjonKSK hovud-halsDu kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi gleder oss til å høyre frå deg!