About this role
Vi søker etter ein miljøterapeut som del av miljøteamet på Herøy ungdomsskule. Saman med ungdomsLOS og ungdomscoach jobbar miljøterapeut tett på ungdom som står i fare for å falle ut, eller har falle heilt eller delvis ut av grunnskulen. Stillinga er eit vikariat som er ledig frå snarast fram til 30. juni 2027, men med moglegheit for fast tilsetting. Stillinga følgjer skuleruta med komprimert arbeidsår.