Now hiring

Små lydar. Store augeblikk. Vil du bli vår nye audiograf? @ Helse Fonna HF

Haugesund, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Frå dei aller første lydane i livet til samtalane rundt middagsbordet – god høyrsel betyr mykje i kvardagen. På høyresentralen vår i Haugesund får du vere med og hjelpe både barn og vaksne til å høyre betre. Hos oss blir du ein del av eit erfarent team med seks audiografar som jobbar med audiologisk utgreiing og rehabilitering. Vi har trivelege lokale og ein moderne høyresentral med oppdatert teknologi og medisinteknisk utstyr. Og vi er nysgjerrige på korleis vi kan bli endå betre! Avdelinga deltek i fleire innovasjons- og forskingsprosjekt innan høyrselsomsorg. Men det er ikkje berre faget vi er opptekne av. Her møter du dyktige og rause kollegaer som deler kunnskap, hjelper kvarandre og har det kjekt saman.Er du nyutdanna?

Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppmodar også deg som har tilknyting til Stord eller Ullensvang om å søke.👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores