Now hiring

Lege i spesialisering (LIS3) @ Helse Førde

Førde, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer lege i spesialisering (LIS3) ved psykiatrisk klinikk. LIS3-stillinga er ledig for oppstart 01.03.2027, eller etter nærare avtale. Allmennlegar som treng sjukehusteneste som del av spesialiseringa, blir oppmoda til å søkje engasjement. Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har i tillegg sentralsjukehusoppgåver innan akuttpsykiatri, vaksenhabilitering, lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.

I mars 2021 flytta vi inn i moderne lokale ved sentralsjukehuset i Førde. Her er det fire sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling. Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores