Now hiring

Utbyggingsleiar @ Vinje kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI.Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling. Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg.

Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores