Now hiring

Prosjektleiar vegprosjekt @ Møre og Romsdal fylkeskommune

Kristiansund, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.

Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.

Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores