About this role
Ål kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse både til Oslo og Bergen. Her er gode høve til friluftsliv og det er eit aktivt kulturliv i bygda og i kyrkja. Ål har 5000 innbyggarar fordelt på tre sokn; Leveld, Torpo og Ål. Ved Ål kyrkjekontor er det totalt 8,5 årsverk inkl. prestar fordelt på 12 stillingar. Kyrkjekontoret og Ål kyrkje er plassert sentralt på Ål. I tillegg til organist består staben av kyrkjeverje, kyrkjelydspedagog, diakon, kyrkjetenarar, sekretærar, kyrkjemusikarar, reinhaldar, sokneprest og kapellan. Ål er prostesete i Hallingdal.
Vår gode organist skal ha permisjon og Ål kyrkjelege fellesråd søkjer etter ein vikar som kan spele i våre gudstenester, gravferder, vigsler, og ymse arrangement i perioden 10. mars til 30. september 2027. Me tilbyr gjerne full stilling, men er opne for fleksible løysingar viss søkjar ynskjer noko redusert stilling. Eit særeige prosjekt i Ål kyrkje er vårt folkemusikkgudsteneste-prosjekt med eigen utvikla liturgi. Er du musikar og glad i folkemusikk så er dette eit gyllent høve til å spele kyrkjemusikk i folkemusikkdrakt både åleine og i samspel med dyktige musikarar.