About this role
Heimetenesta har ledig 100 % vikariat som leiar for avdelinga Selje/Stadlandet frå snarast råd til 01.10.2027, med moglegheit for forlenging ut 2027. Avdelingsleiar er organisert under einingsleiar for heimetenesta og har ei nøkkelrolle i leiarteamet i eininga. Leiarrolla i heimetenesta inneber ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil få høve til personleg utvikling, samt vere med å påverke utviklinga i tenesta.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.Vi søkjer deg som er innovativ og som likar å jobbe med kontinuerleg forbetringsarbeid.
Du ønskjer å skape gode resultat, trivast med ansvar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og tenester. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga og bidra til å forme framtidas tenester i heimetenesta i Stad kommune.