About this role
Om stillingenNav Bergen vest gir tenester til innbyggjarane i Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter. Kontoret består av om lag 130 kommunale og statlege tilsette som samarbeider tett, både internt og med dei andre bydelskontora i Nav region Bergen. Hos oss blir du ein del av eit stort fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet, læring og gode resultat. Vi søkjer no ein engasjert medarbeidar til ei fast stilling som fagansvarleg.
Stillinga er delt mellom fagansvar (70 %) og oppfølging av eigne brukarar (30 %). Fagansvaret omfattar heile det statlege tenesteområdet ved kontoret. Dette gir ei brei og variert rolle med gode moglegheiter til å påverke kompetanseutvikling, arbeidsprosessar og tenestekvalitet. Samstundes vil du ha ansvar for eiga brukarportefølje og bidra til at fleire kjem i arbeid, aktivitet eller utdanning.Du blir ein av to fagansvarlege ved kontoret og vil, saman med kollegaen din, ha ei sentral rolle i fagutvikling, opplæring og kvalitetsarbeid.
De vil arbeide tett saman og vere viktige støttespelarar for både leiarar og medarbeidarar. Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med og gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen vidare.