About this role
Fyresdal barnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i 60 % fast stilling, med moglegheit for utviding til inntil 100 %. Tiltreding så snart som mogleg.Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar som brenn for barns utvikling, leik, læring og trivsel. Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle kompetansen din i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, der vi saman arbeider for å skape ein trygg, god og utviklande barnehagekvardag for alle barn.
Fyresdal barnehage er ein barnehage i utvikling, med fokus på kvalitet, fagleg refleksjon og eit godt psykososialt barnehagemiljø. Vi legg vekt på gode relasjonar, trygge vaksne og eit inkluderande fellesskap der alle barn skal oppleve meistring, tilhøyrsle og glede. Frå hausten 2026 deltek Fyresdal barnehage i eit treårig utviklingsprosjekt i samarbeid med SNU-senteret, med fokus på hjernevennleg oppvekst. Gjennom prosjektet skal vi styrkje kompetansen vår om korleis hjernen utviklar seg, og korleis trygge relasjonar, reguleringsstøtte og gode samspel bidreg til barns trivsel, læring og utvikling.Vi ønskjer å utvikle ein felles pedagogisk praksis der vi møter barna med forståing, varme og tydelege rammer. Prosjektet gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, refleksjon og læring i fellesskap med kollegaer. Har du lyst til å vere med og vidareutvikle Fyresdal barnehage? Då ønskjer vi gjerne å høyre frå deg!