Now hiring

Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette! @ Helse Fonna HF

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt! Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg?

Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år.

Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores