About this role
Fjord1 innførar 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi 1.maskinist som ønsker å vere med på den nye ordninga. Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.I rolla som 1. maskinist har du eit stor ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid. Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare. Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.