Now hiring

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – er du vår nye kollega? @ Helse Fonna HF

Haugesund, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus.Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon.

Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Stillinga inngår i turnus dag/kveld med arbeid kvar tredje helg. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores