About this role
Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet?I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet. Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb. Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus.
Vi følgjer familien frå graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd. Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid og rom for fagleg utvikling. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.👉 Her kan du lese meir om Familieambulatoriet