About this role
Vil du jobbe i ein av Europas mest moderne intensivseksjon? Intensiv SNR har ledig 2 faste stillinger (100%) som intensivsjukepleiar. Oppstart etter avtale! Som intensivsjukepleiar på intensiv SNR blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Hjå oss står fagutvikling, opplæring og inkludering høgt på agendaen. Vi har eit sterkt og støttande arbeidsmiljø prega av humor, men også tiltider ein alvorleg arbeidskvardag.
Ved oppstart følger ein fast opplærinmgsprogram med individuelle tilpasningar, som avsluttast med ein gjennomgang. Vi har faste dagar i turnus med fagutvikling, fagdager to ganger i året og planlegg oppstart med faste simuleringsdager i eigen seksjon. Som nytilsett vil du etter kvart bli inkludert i ei av våre ressursgrupper. Sjukehus Nordmøre og Romsdal(SNR) er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske, gynekologiske/føde-pasientar og barnemedisin og -habilitering.
Vi er også eit traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har fokus på simulering. Du kan også kome innom for å sjå om dette kan vere noko for deg! Her jobber ein veldig triveleg og fin gjeng med dyktige fagfolk, og vi håper å få nye flinke kollegaer!
Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram! (intensiv_snr_hmr) Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.
- Arbeidsoppgåver Sjukepleie til akutt kritisk sjuke pasientar Sjukepleie til postoperative pasientar, både barn og vaksne.
- Innan fagfelta gastro, urologi, ortopedi, ØNH, gynekologi og auge Sjukepleie til intensiv- og overvåkningspasientar innan fagfelta kirurgi, medisin, nevrologi og gyn/føde Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er ein del av hjertestans- teamet ved sjukehuset Kvalifikasjonar Autorisert intensivsjukepleiar.
- Autorisert sjukepleiar med minimum 2 års erfaring kan også søke Personlege eigenskapar Du har ei positiv haldning og er interessert i intensivfaget og pasientane som treng slik behandling Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert Du arbeider sjølvstendig, men samstundes fungerar godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonKjetil Skjærset, Seksjonsleder, +47 99236475, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5194559267 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell?
Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling.
Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort.
Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal