About this role
Om stillinga Me har ledig 60% fast stilling på natt. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling. Me har årsturnus, og arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg. Såta bu- og servicesenter I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tilleg til dei 12 plassane vi allerede har til personar med demenssjukdom. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
- Arbeidsoppgåver Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientane på sjukeheimen Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølgning Iverksette og følge opp tiltaksplanar til den enkelte pasient Medikamenthandsaming i henhold til gjeldende rutiner Kompetansekrav Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Me søkjer fagleg trygge hjelpepleiare/helsefagarbeidare med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg.
- Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta.
- God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag.
Kven er du?
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid Du er trygg i deg sjølv Du har god klinisk observasjonskompetanse Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv.
- Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa.
- Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
- Du trivst i ei til tider uforutsigbar arbeidskvardag, og du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.
- Du bidrar til godt arbeidsmiljø - også på natt.
- Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
Vi tilbyr Fagleg spennande arbeid Årsturnus Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av ulike sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Knarvik Sjukeheim avdeling Helsehuset, Såta bu- og servicesenter, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har ca 200 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.