Now hiring

HR-konsulent @ VAKSDAL KOMMUNE KUNDETORG

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Ein av kollegaene våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker derfor ein HR-konsulent til eit 100% vikariat med oppstart snarast og varigheit ut 2027. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og støtte leiarar og tilsette, og som ønsker å utvikle deg innan HR. Som HR-konsulent vil du samarbeide med ulike delar av organisasjonen. Rettleiing og service til leiarar og tilsette er ein sentral del av stillinga. Du vil bidra til at dei får god støtte i HR-relaterte spørsmål, og til eit godt samarbeid på tvers av fagområde. Stillinga passar for deg som liker å jobbe med menneske, kommuniserer tydeleg og er oppteken av å finne gode løysingar. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din og utvikle deg vidare gjennom varierte oppgåver og samarbeid med andre.

  • Arbeidsoppgåver Rådgjeving og rettleiing til leiar og tilsett i personal/HR og lønsspørsmål Koordinering av rekrutteringsprosessar i rekrutteringsportalen Koordinering av tilsetjingar og arbeidsavtalar Administrator i HR systemet Visma Enterprise Plus Gje støtte og rettleiing til leiar i oppfølging av sjukemeldte Oppgåver knytt til variabel løn og lønskøyring Andre førefallande oppgåver på HR og organisasjonsutvikling Kvalifikasjonskrav Det er ønskeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning Relevant arbeidserfaring er ein fordel, men stillinga passer også for deg som er nyutdanna God forståing og interesse for system og digitalisering av prosesser God munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar Du ønsker ei stilling der du kan utvikle deg og lære noko nytt.
  • Du har god gjennomføringsevne og trivst med å jobbe strukturert med fleire oppgåver samtidig.
  • Du verdset eit arbeidsmiljø der kollegaer deler kunnskap og erfaringar.
  • Du er serviceinnstilt og trivst med å rettleie og hjelpe andre.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal Kommune kan tilby Gode pensjons- og forsikringsordningar Individuell oppfølging Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Om arbeidsgiveren: Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne. Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Skills

Visma Enterprise Plus

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores