About this role
Om stillinga Me har ledig to stillingar som barne- og ungdomsarbeidar med oppstart 1. januar 2027. 100 % fast stilling i Vassloppa barnehage 100 % fast stilling i Dråpeslottet barnehage Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver: Deltaking i arbeidet med planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid med barn Bidra til å skape trivsel, tryggleik og utvikling for alle barn Vera ein engasjert bidragsytar i det faglege arbeidsmiljøet i barnehagen Deltaking i foreldresamarbeid Kvalifikasjonar Krav Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagarbeidarutdanning Gyldig politiattest må framleggast Gode norskkunnskapar.
For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norskprøve B2 skritleg og munnleg. Dette må dokumenterast.
Levere sjølværklæring om Tuberkulose Ønskjer Erfaring frå arbeid i barnehage Etterutdanning i spesialpedagogisk hjelp Personlege eigenskapar Ha barna i fokus Ta initativ og visa sjølvstende til å gjennomføra planar og idear Du er engasjert og aktiv med barna Godt humør og trivs med utfordringar Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både med barn og vaksne Vera god på å bygga relasjonar Trivast i eit hektsk miljø der mykje skjer samtidig Løsningsorientert og imøtekommande Me tilbyr Me tilbyr aktive kvardagar i eit fagleg og hyggeleg miljø Godt organisert og veldrevne barnehagar Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege og løysninsorienterte medarbeiarar Styrka bemanning i pedagogen si planleggingstid Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Fleksible arbeidstidsordningar Gode velferdsordningar Arbeidstilhøve Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles.
Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent.
Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette. Saman arbeider me for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen. I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane. Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde.
Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking. I begge barnehagane arbeider me målretta for eit godt og inkluderande miljø for leik, læring og utvikling. Me nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) for å sikra at alle barn kan delta i leik, samspel og fellesskap. Barna skal få medverka og vera med på å forma sin eigen kvardag. Me arbeider òg aktivt med språk og leselyst. Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.» Om arbeidsgiveren: I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit.
Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.