About this role
Har du lyst på nye utfordringar? Vestre Slidre kommune søkjer ein fagleg sterk og engasjert rekneskapssjef i 100% fast stilling.
Kommunen har ansvar for dei fleste offentlege tenester til innbyggarar i alle aldrar. Som rekneskapssjef i kommunen har du ei viktig rolle i arbeidet for at fellesskapet sine ressursar blir forvalta på ein trygg, effektiv og framtidsretta måte.
Vi ser etter deg som har solid erfaring med rekneskapsarbeid og som kombinerer sterk fagkompetanse med interesse for lagarbeid, utvikling og digitalisering. Som rekneskapssjef får du ansvar for rekneskapsføring og finansiell rapportering i kommunen, og har eit tett samarbeid med tenesteleiarane og løn. Arbeidsoppgåver Rekneskapsføring og finansiell rapportering for heile kommunen Støtte og rettleie tenesteleiarar i prosessar for budsjett og rekneskap Sikre korrekt og effektiv gjennomføring av månads-, tertials- og årsavslutning Utarbeide årsrekneskap og koordinere revisjonsprosessar Ansvar for skatte- og avgiftsrapportering Videreutvikle og effektivisere rutiner, prosessar og system Systemansvar for økonomisystema.
Kommunen brukar Visma Enterprise Pluss som rekneskapsprogram.
Bidra med analyser og økonomisk innsikt til leiinga Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga Kvalifikasjonar Høgare økonomisk utdanning innan rekneskap, revisjon eller økonomi Erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse Ynskjeleg med solid erfaring frå rekneskap og/eller revisjon, helst frå kommunal sektor God kjennskap til eitt eller fleire rekneskapssystem God kjennskap til norsk rekneskapslovgjevning, skatt og meirverdiavgift Erfaring med årsoppgjer og revisjon Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Strukturert og nøyaktig Lagspelar Gler deg over felles resultat Leitar etter nye løysingar Vi tilbyr Nøkkelrolle i kommunen si drift Stillinga er plassert i kommunen si avdeling for Administrasjon og Økonomi Gode moglegheiter for fagleg og karrieremessig utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonAud-Karin Hovi, Økonomisjef, 41 45 54 39, [email protected] ArbeidsstadSlidrevegen 16 2966 SLIDRE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune Referansenr.: 5176122862 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026 Om arbeidsgiveren: Andre opplysningar Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar. Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning.
For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen. Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no