About this role
På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag. Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt. Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Kva du kan forvente: Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet Moglegheit for fagleg utvikling Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer Langvakter i helgene Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer. Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg. Arbeidsoppgåver Daglig pleie og omsorg av pasientar Dokumentasjon i profil Legemiddelhåndtering Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege Kvalifikasjonar Ønska kompetanse Helsefagarbeider, men andre kan også søke på stillingen Andre med relevant utdanning- og eller erfaring kan vurderes Me ynsker deg som er interessert i å arbeide innan pleie og omsorg har erfaring fra tidligare arbeid innan helse behersker data/iPad som verktøy kommuniserar godt på norsk, både skriftlig og muntlig har personlege eigenskapar som viser at du er ansvarsbevisst og sjølvstendig ynskjer å samarbeide og gjere det beste for kolleger og beboere Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Engasjert Tolmodig Løysningsorientert Positiv God på kommunikasjon og samhandling God muntleg og skrifteleg famstillingsemne Personelge eingenskapar vektleggast Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTone Asborg Nilsen, Avdelingsleiar, +47 90840927 ArbeidsstadSkrivarvegen 2 3810 GVARV Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5193884538 Stillingsprosent: 98% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.05.2028 Søknadsfrist: 28.10.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.