About this role
Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark? Då håpar vi å høyre frå deg! Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen. Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar. Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester. Arbeidsoppgåver Leie eininga Ivareta kvaliteten og følge opp sakshandsaming Være pådrivar og delta i samfunnsutviklinga i Midt-Telemark Delta i kommunalsjefen si leiargruppe Delta i kommunalt planarbeid Delta i politiske møter Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjoner: Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå Leiarutdanning eller relevant leiarerfaring God og oppdatert kunnskap om plan- og bygningslova God økonomi- og budsjettforståing Ønska kompetanse Arbeidserfaring innan fagområda Søkjar bør kunne meistre begge målformer Personlege eigenskapar Vi søker deg som brenn for samfunns og arealplanlegging Du må være opptatt av ei ryddig og effektiv saksbehandling Evne til å bygge relasjonar gjennom involvering og medverknad Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar Evne til å arbeide målretta og systematisk Personlege egenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr Hyggelege, motiverte og kunnskapsrike kollegaer Fagleg og personleg utvikling Lønn etter avtale Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju. KontaktinformasjonHans Kortner Ryen, Kommunalsjef Teknisk, +47 91339201 ArbeidsstadGullbringvegen 20 3800 BØ I TELEMARK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5189705311 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026 Om arbeidsgiveren: Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar. Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.